Førde ligg som det geografiske og trafikale knutepunktet i Sogn og Fjordane.
Bykjernen i Førde kommune ligg ved utløpet av elva Jølstra, i eit relativt ope landskapsrom mellom bratte fjell. Bebyggelsen ligg på begge sider av elva, og er knytte saman med tre bruer.
Etter at Førde i 1965 blei utpeika som vekstsenter, blei det lagt ned store ressursar innan næringslivet, og byen voks fram som eit handelssenter for andre kommunar i Sogn og Fjordane. Fleire store shoppingsenter har dei siste åra vakse fram. Om lag 50 000 innbyggjarar nyttar butikkane i Førde, noko som har ført til at store areal i sentrum er via til parkering. Byen er godt tilrettelagt for biltrafikk, men har få kvalitetar for mjuke trafikantar.
De siste 40 åra har Førde hatt ein eksplosiv vekst i innbyggjartall. Planarbeidet har lege på etterskot, og utbygging har i stor grad vore styrt av eigedomstilhøve og utbyggarinteresser. Dette har ført til utflytande byrom, utan klar avgrensing.
Rådhustomta ligg på sørsida av elva Jølstra – området som kallast Sentrum Sør. Her finn ein dei eldste handelsverksemdene. Butikkane er plasserte langs ei hovudgate, Hafstadvegen, som følgjer elva. I dag står mange av lokala tomme. Sentrum Sør er prega av parkeringsplassar og tilfeldige restareal. Det som ein gong var ei sentrumskjerne, har mista sin funksjon som følgje av utbygging på nordsida av elva.
Førde er handelsbyen - som manglar ei urban handlegate med folkeliv og aktivitetar.